I 2021 starta Helse Møre og Romsdal samarbeidsprosjektet Barn og unges helseteneste i Møre og Romsdal, eit samarbeid mellom dei 26 kommunane i Møre og Romsdal og Psykisk helsevern for barn og unge i Helse Møre og Romsdal HF. Formålet er å gi brukarar og fagpersonar betre oversikt over ansvarsområder og roller.
I 2023 er det utarbeida sju samhandlingsforløp for dei vanlegaste psykiske plagene hjå born og unge. Desse er først og fremst laga for at fagfolk i ulike instansar skal klare å gi barn og ungdom eit samanhengande hjelpetilbod, men også for at barn, ungdom og foreldre enkelt kan få oversikt over kor ein kan få hjelp. Prosjektet har mellom anna fått pasienttryggleiksmidlar fra Helse Midt-Norge RHF og støtte frå InnoMed.