God vaksen for barn

Опубликовано: 26 Июнь 2026
на канале: Livet&Sånn
8,597
19

Korleis er vi gode vaksne for barn? Og kva påverkar måten vi møter barn i kvardagen?
Både medfødde eigenskapar, korleis vi sjølv vart møtt når vi var barn, kva vi har opplevd av spesielle opplevingar i livet og korleis vi no har det i livet vårt - påverkar oss som vaksne for barn.

Barn treng ikkje vaksne som er perfekte, med vaksne som ønsker å vere gode. Filmen presenterer nokre huskereglar i møte med barn, og introduserer ein serie filmar og medfølgende oppgåver som kan vere nyttige for vaksne som har ansvar for barn i kvardagen sin.

Filmen er ein av fleire filmar livetogsann.no har laga for å hjelpe vaksne å greie å møte barn på gode måtar når noko er vanskeleg i kvardagen. Filmane er produsert av Livet&Sånn i Ålesund kommune med støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune gjennom ordninga Program for folkehelsearbeid i kommunane frå Helsedirektoratet.